Hovedside
Kontakt oss
Medlemmer
Vedtekter
Om spelemannslaget
Aktivieter
Kappleikprogram
Kappleikkunstner
Kappleikresultater
Kappleikbilder
Medlemssider




 
 
Vedtekter
torsdag 25. juni 2009
Vedtekter for Rauma Spelemannslag

1. Rauma Spelemannslag skal fremja interesse for og ta vare på norsk folkemusikk.

2. Dei kan bli medlemar som vil støtte laget sitt formål.

3. Laget skal ha eit styre på 3 medlemar med 2 varamenn. Styret består av formann, nestformann og kasserer. Styret skal ha ei tenestetid på 2 år.

4. Styret har rett og plikt til å gjere alt det finn tenleg for laget og dets føremål. Styret godtek eller vrakar innmeldingar til laget. Styret kan stryke medlemar som motarbeider føremålet for laget eller på andr måtar skader laget. Det skal førast møtebok.

5. Årsmøtet blir halde kvart år innan utgangen av april. Røysterett har alle som har betalt årspengar. Vanlege saker blir avgjorde med simpelt fleirtal. Viss røystene står likt, gjer formannen utslaget. Årsmelding og revidert regnskap skal leggast fram på årsmøtet.

Val på årsmøtet:
a. Formannen med særskilt val
b. 2 styremedlemar
c. 2 varamedlemar til styret
d. 1 revisor

Om det krevst, skal valet vere skriftleg.

Årspengane blir fastsett på årsmøtet.

6. Skulle laget verte nedlagt, skal det veljast eit adm. styre som tek vare på medelen førebels. Skulle det seinare bli skipa eit nytt spelemannslag i Rauma med same føremål, går medelen til det nye laget.

7. Framlegg til brigde i denne lova, skal vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Framlegget treng to tredjedels fleirtal.

Åndalsnes, 16.09.65

Rauma Spelemannslag
 
 
 
© 2012 Rauma Spelemannslag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 15A4